Foredrag

Are Halland

Kjernekar

7 dødssynder i digital produkt- og tenesteutvikling

Are “Kjernekaren” Halland har ein grandonkel som var emissær og svovelpredikant i Indremisjonen på Sunnmøre. I dette foredraget har han latt seg inspirere av sin avdøde slektning, og kombinert det med observasjonar frå bransjen gjennom godt og vel eit kvart århundre. Resultatet er 7 “dødssynder” som dei fleste av oss på ein eller annan måte har gjort oss skuldige i.

Kjernekaren refser oss først – med eit glimt i auget – for alt fra sjølvopptattheit og trangsyn til digital forsøpling. Til slutt kjem han også med nokre forslag til botsøvelsar vi kan gjere for å lage betre og meir bærekraftige løysingar for brukarane, for organisasjonen og for kloden.

Halleluja!

Om Are Halland

Kjernekaren Are Gjertin Urkegjerde Halland har jobba med digital strategi, kommunikasjon og design i meir enn eit kvart århundre, og har vore en pionér innanfor brukarfokusert design og tverrfagleg, innhaldsdriven digital produktutvikling i Noreg.

Frå 2006-2018 jobba han i Netlife Design og i 2019 jobba han i UX og innovasjonsavdelinga i FINN, før han etablerte sitt eige firma som «kjernekar» 2020. Her driv han med mellom anna med rådgjeving, kurs, foredrag og fasilitering.

I 2021 ga han ut boka «Kjernemodellen – et praktisk verktøy for å lage bedre digitale tjenester» etter å ha tenkt på den i 15 år og skrive den sju gongar.