Kontinuerleg brukarinnsikt – Tips, tricks og verktøy for å kome i gang
Are Halland fra Kjernekaren
Torstein Norendal
«Vi har ikkje tid», «Det blir for dyrt», «Vi får ikkje tak i brukarar» – det manglar ikkje på unnskyldningar for å droppe brukarinnsikt. Det kan følast som ein evig kamp å få prioritert systematisk brukarinnsikt når utviklingsbackloggen alltid kjem først.
I dette foredraget får du praktiske tips for å snu motstand til engasjement, sjølv med avgrensa ressursar. Du lærer korleis du kan starte i det små med enkle rutinar som faktisk fungerer, bruke smarte verktøy for å automatisere arbeidet, og involvere heile teamet på ein måte som skaper engasjement.
Gjennom konkrete døme frå m.a. Netlife og Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten viser vi korleis andre har lukkast med å gå frå sporadisk til kontinuerlig brukarinnsikt. Med tips, tricks og verktøy du kan bruke på mandag.
Om Are
Are Gjertin Urkegjerde Halland – AKA Kjernekaren – er ein nestor innan brukarorientert produktutvikling, med 28 års erfaring frå hundrevis av prosjekt. Han har jobba både som konsulent i Netlife Design og inhouse i FINN.no, og driv no kjernekaren.no der han held kurs og gir uavhengig rådgjeving om strategi, brukarinnsikt, produktutvikling og kjernemodellen.
Om Torstein
Torstein Norendal har mange års erfaring med brukarsentrert produktutvikling i store organisasjonar. Han har leia tverrfaglege team i komplekse prosjekt som FNSP og Helseplattforma, der han har utvikla praktiske metodar for å systematisere brukarinnsikt i og på tvers av team.